Kakebord
Me ynskjer oss eit bognande kakebord, så me set stor pris på om nokon har lyst til å bake eller ta med noko anna godt til det. Gje oss gjerne ein lyd på førehand om kva du eventuelt ønskjer å ta med.
Allergi?
Ingen problem! Gje oss beskjed om allergiar og liknande på førehand, så melder me det inn til kokkane.
Kleskode
Sidan minglinga fredag føregår i leileheita me er i gang med å totalrenovere, så ønskjer me at alle kler seg kvardagsleg, uformelt og rett og slett ikkje tek på deg noko ein er redd for!
Laurdag har me ingen streng kleskode, men sats gjerne på kleskoden dress og oppover. Me oppmodar også til å gå i bunad dersom du har det! Sjølv kjem me til å gå i bunad under vielsen og middagen, før me skiftar til kvit kjole og smoking.
Lyst å halde tale?
Mikal Lerøy er toastmaster, så dersom du ønskjer å halde tale eller liknande så er det fint om du tek kontakt med han. Du når han på mobilnummer 41 58 52 57.
Ønskjeliste
Dersom du ønskjer å gje ei gåve, så ønskjer me oss blant anna bidrag til bryllaupsreise og gåvekort på restaurant, overnatting og opplevingar. I tillegg har me laga ei ønskjeliste som viser andre ting me ønskjer oss.
Adresser og parkering
Kvelden-før-minglinga foregår i Gjøas vei 28. Det er mogleg å komme seg dit med både buss og bane. I tillegg er det gateparkering, samt at det er mogleg å gå (ca. 1 time frå sentrum) eller sykle dit.
Fana kirke ligg 20 minuttar i bil frå Bergen sentrum. Det er god plass til å parkere utanfor. Adressa til kyrkja er Fanaveien 320, 5244 Bergen.
Legenes hus ligg 20-25 minuttar i bil frå Fana kirke og i gåavstand frå Bergen sentrum. Det er ein parkeringsplass rett til høgre når du køyrer inn porten til Legenes hus. Her er det mogleg å la bilen stå til dagen etter. Adressa til Legenes hus er Kalfarveien 37, 5022 Bergen.
Både Fana kirke og Legenes hus er markert i kartet under.